Utbygging i fareområde

Temarettleiinga er revidert. Den nyaste utgåva finn du her.

9. Dokumentasjon av tryggleik mot naturpåkjenningar

9.2. Krav til dokumentasjonen

Dokumentasjonen skal vere utarbeidd av fagkunnig. Dokumentasjon kan til dømes vere ein rapport eller fråsegn frå rådgjevande ingeniør eller arkitekt, eller frå spesialistar på dei ulike faretypane så som NVE, NGI, NGU eller andre relevante fagmiljø. Regelverket stiller ikkje konkrete kvalifikasjonskrav til den fagkunnige, anna enn der det er kravd ansvarsrett for prosjektering.

Regelverket inneheld ingen eksplisitte formkrav til dokumentasjonen som skal leggjast ved søknaden for å dokumentere at byggjetomta har tilstrekkeleg tryggleik mot naturpåkjenningar. Oppbygginga av og omfanget på dokumentasjonen vil variere, blant anna etter kompleksiteten ved tiltaket og den enkelte faretypen.

I tilfella der det er behov for prosjektering av kompenserande tiltak for at krav til tryggleik skal oppfyllast, vil ein krevje bruk av ansvarleg føretak for prosjekteringa. Ansvarleg prosjekterande må verifisere og dokumentere oppfylling av krav til tryggleik og dei valde løysingane i tråd med byggteknisk forskrift (TEK10) kapittel 2.

Dokumentasjonen skal leggjast ved søknad om rammeløyve. Der kartlegginga og utgreiinga av tryggleiksnivået viser at byggjetomta i seg sjølv oppfyller dei krava som er stilte til tryggleik, er det tilstrekkeleg at dokumentasjonen følgjer byggjesøknaden. Føretaket som har utgreidd tryggleiksnivået for byggjetomta, treng ikkje ansvarsrett. Ansvarleg søkjar stadfester i søknaden at tiltaket ikkje blir plassert i fareområde og legg ved dokumentasjonen som vedlegg.

I dei tilfella der det er behov for kompenserande tiltak for å oppfylle krava til tryggleik, vil kartlegginga av tryggleiksnivået for byggjetomta inngå som eit nødvendig grunnlag for og del av prosjekteringa. I desse tilfella skal kartlegginga og prosjekteringa underleggjast ansvarsrett. Byggjesaksforskrifta stiller kvalifikasjonskrav til føretak som skal ta på seg ansvarsrett. Både dokumentasjonen for tilstrekkeleg tryggleik og erklæring om ansvarsrett må leggjast ved rammesøknaden. Der prosjektering av geoteknikk ligg i tiltaksklasse 2 og 3, er det i tillegg krav om obligatorisk uavhengig kontroll av både prosjektering og utføring, jf. byggjesaksforskrifta (SAK10) § 14-2.

Krav til dokumentasjon i byggjesøknaden for tryggleik mot naturpåkjenningar

Kva skal leggjast ved byggjesøknaden?

Der utgreiinga viser at byggjetomta i seg sjølv er tilstrekkeleg sikker:

  • Dokumentasjon frå fagkunnig

Der det er behov for sikringstiltak for å oppnå tilstrekkeleg tryggleik:

  • Dokumentasjon frå ansvarleg føretak

  • Erklæring om ansvarsrett