Utbygging i fareområde

Temarettleiinga er revidert. Den nyaste utgåva finn du her.

2. Generelt om regelverket

2.5. Arealplanlegging

Krava til tryggleik er førande for arealplanlegging. Eit område kan ikkje regulerast til å byggje i dersom den påfølgjande utbygginga ikkje kan oppfylle krava til tryggleik. Ein arealplan som ikkje har lagt krava til tryggleik til grunn, vil ikkje kunne gjennomførast med utbygging. Det må derfor avklarast på planstadiet om utbyggingsområdet tilfredsstiller krava til tryggleik, eventuelt om sikringstiltak kan bidra til å oppnå tilstrekkeleg tryggleik. Dersom krava til tryggleik mot naturpåkjenningar i byggteknisk forskrift (TEK10) fyrst blir vurderte i den konkrete byggjesaka, kan det hende at det ikkje er mogleg å byggje i samsvar med vedteken plan. Dette ville vore svært uheldig.

Juridisk har føresegner i lov høgare rang enn forskriftsføresegner, men for arealplanlegging legg krava til tryggleik i TEK10 i realiteten premissane for arealplanlegging.

Undersøkingar og utgreiingar i samband med utarbeiding av arealplanar

Ved utarbeiding av planar for utbygging skal planmyndigheiten sjå til at risiko- og sårbarheitsanalyse blir gjennomført, eller sjølv utføre analyse. Område med fare, risiko eller sårbarheit skal merkjast av i planen som omsynssone. I arealplanane skal planmyndigheiten vedta forbod eller eventuelle reglar for utbygging som er nødvendig for å avverje skade og tap.

Utgreiing av naturfarar på kommuneplannivå har som mål å kartleggje areal med potensiell fare i område der det kan vere aktuelt med utbygging. Potensielt fareområde skal merkjast av som fareomsynssone i samsvar med plan- og bygningslova (pbl.) § 11-8 bokstav a, jf. pbl. § 12-6.

Utgreiing av naturfarar på reguleringsplannivå (områderegulering og detaljregulering) skal utgreie reell fare. Utgreiinga skal identifisere og avgrense fareområda i samsvar med relevante tryggleiksklassar i TEK10. Flaum- og skredfare eller liknande skal kartleggjast i detalj og gjentaksintervalla skal talfestast i tråd med TEK10. Område som ikkje tilfredsstiller TEK10, skal merkjast av som fareområde i reguleringsplanen.

Klimaendringar vil få innverknad for arealplanlegging og plassering av bygningar. Klimaendringane kan føre til at flaum og skred skjer oftare, og at dei blir meir ekstreme. Ny kunnskap om potensielle fareområde og effektar av klimaendringar kan føre til at område som tidlegare har vore rekna som tilstrekkeleg sikre å bygge i ikkje lenger innfrir krava til tryggleik. Klimaframskrivingar er eit viktig grunnlag for å tilpasse samfunnet til klimaendringane. Klimaframskrivingar er usikre, og uvissa er størst på lokal skala. Det er likevel indikasjonar på kva slags endringar vi kan risikere å få i Noreg i dette hundreåret. Hovudtrenden er eit varmare og våtare klima. Sjå meir om klimaendringar i kapittel 3.

Viktige hjelpemiddel knytte til arealplanlegging

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gjeve ut retningslinje 2/2011 Flaum- og skredfare i arealplanar, sist revidert 22.mai 2014. Denne skildrar kva flaum- og skredprosessar som kan utgjere fare, og korleis desse farane bør utgreiast og innarbeidast i arealplanar.

I tillegg har NVE gjeve ut to rettleiarar som utdjupar TEK10 kap. 7 med rettleiing og NVE si retningslinje 2/2011 NVE-veileder 8-2014 Sikkerhet mot skred i bratt terreng. Kartlegging av skredfare i arealplanlegging og byggjesak utdjupar nærare korleis skredfare bør kartleggjast og utgreiast . NVE-veileder 7-2014 Sikkerhet mot kvikkleireskred utdjupar korleis slik skredfare bør kartleggjast og utgreiast .

Vidare gjev Rundskriv T-5/97 KMD Fareområder framleis ein del relevant rettleiing om arealplanlegging og utbygging i fareområde, sjølv om rundskrivet er frå den tidlegare plan- og bygningslova.

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) har gjeve ut rettleiaren Samfunnssikkerhet i arealplanlegging – Kartlegging av risiko og sårbarhet. Han skildrar metoden for risiko- og sårbarheitsanalysar for alle nye område planlagde for utbygging. Han skildrar også forholdet mellom ROS-analysen og kommunale planprosessar.

Ei meir overordna skildring finst i DSB sin rettleiar Samfunnssikkerhet i plan- og bygningslova 2012. DSB er i ferd med å lage ein ny rettleiar på området til erstatning for desse. Den nye rettleiaren er planlagd ferdigstilt i slutten av 2015.

DSB gjev i rettleiaren Håndtering av havnivåstigning i kommunal planlegging råd om korleis kommunar og andre kan gå fram for å skaffe seg oversikt over farar, risikoar og sårbarheit for havnivåstiging, stormflod og bølgjepåverknad.

Klimahjelperen. En veileder i hvordan ivareta samfunnssikkerhet og klimatilpasning i planlegging etter plan- og bygningsloven 2015 utgjeven av DSB med fleire, er ein rettleiar i korleis vareta samfunnstryggleik og klimatilpassing i planlegging etter plan- og bygningslova.