Utbygging i fareområde

Temarettleiinga er revidert. Den nyaste utgåva finn du her.

9. Dokumentasjon av tryggleik mot naturpåkjenningar

9.1. Utgreiings- og dokumentasjonsplikt ved byggjesøknad

Opplysning om eventuelle farar skal gjevast i søknaden. Opplysningane skal gjevast ved søknad om rammeløyve der søknaden er delt.

Det ligg føre ei dokumentasjonsplikt ved utbygging i fareområde. Dokumentasjonen skal stadfeste at det er tilstrekkeleg sikkert å tillate bygging ut frå naturfarane.

Dokumentasjonsplikta og plikta til å kartleggje og utgreie tryggleik mot naturpåkjenningar ligg på utbyggjarsida. Kommunen skal i utgangspunktet ikkje utføre undersøkingar i samband med saksbehandlinga. Kommunen skal i saksbehandlinga normalt leggje til grunn opplysningane frå tiltakshavar eller det ansvarlege føretaket om at tiltaket oppfyller tekniske krav, dersom ikkje forholda tilseier noko anna, jf. plan- og bygningslova § 21-4.

Det skal liggje ei kvalifisert vurdering til grunn for opplysningane som blir gjevne i søknaden. Der tryggleiken i utgangspunktet ikkje er tilfredsstillande, eller der det ligg føre uvisse om byggjetomta ligg i eit fareområde, skal dokumentasjonen sendast inn som ein del av byggjesøknaden. Dersom byggjetomta i utgangspunktet ikkje har tilstrekkeleg tryggleik mot naturpåkjenningar, skal kompenserande tiltak skildrast i søknaden.

Kommunen er ikkje forventa å innhente fagkunnige fråsegner for å ta standpunkt til eventuelle sikringstiltak eller faglege avvegingar i dokumentasjonen som del av byggjesaksbehandlinga. Kommunen skal sjå til at utgreiingane og eventuelle sikringstiltak er tilfredsstillande dokumenterte. Ansvar for konkrete løysingar og sikringstiltak ligg til dei ansvarlege føretaka

Ved tilsyn kan kommunen gå nærare inn i dokumentasjonen og eventuelt overprøve vurderingane. Uansett om kommunen planlegg å føre tilsyn i desse sakene, bør det i fareområde vurderast å krevje uavhengig kontroll av prosjekteringa i forhold til pbl. § 28-1.

Radon skil seg ut i forhold til dei andre naturfarane. Radon skal varetakast i prosjektering og utføring for alle bygningar, uavhengig av om utbygginga skjer i eit område med særskilt radonfare. Dokumentasjon for radon skal ikkje sendast inn som ein del av søknaden. Sjå meir om radon i kapittel 7. Radon i denne rettleiinga.