Utbygging i fareområde

Temarettleiinga er revidert. Den nyaste utgåva finn du her.

2. Generelt om regelverket

2.2. Korleis er krav til tryggleik mot naturpåkjenningar regulert?

Krav til tryggleik mot natur- og miljøforhold gjeld for alle tiltak og er regulert fleire stader i regelverket. Byggverk skal anten plasserast slik at dei ikkje er utsette for naturfarar, eller dimensjonerast slik at dei toler dei belastningane dei kan bli utsette for.

  • Grunn kan berre byggjast på dersom det er tilstrekkeleg tryggleik mot fare eller vesentleg ulempe som følgje av natur- eller miljøforhold. Dette følgjer plan- og bygningslova (pbl.) § 28-1.

  • Vidare er det krav om at alle tiltak blir prosjekterte og utførte slik at det ferdige tiltaket oppfyller krav til tryggleik, for å vareta vern av liv og materielle verdiar. Dette følgjer pbl. § 29-5.

Pbl. § 28-1 er ei føresegn som skal vere del av saksbehandlinga i kommunen og vurderast ved søknad om løyve til tiltak. Føresegna er fyrst og fremst ein avslagsheimel.

Pbl. § 29-5 er ein pliktregel for utbyggjar og stiller krav om tilstrekkeleg tryggleik ved utbygging.

Pbl. §§ 28-1 og 29-5 gjev også heimel for forskrifter om krav til tryggleiksnivå og tekniske krav til byggverk. Krava til tryggleik mot naturpåkjenningar er med heimel i §§ 28-1 og 29-5 nærare konkretisert i byggteknisk forskrift (TEK10). Kapittel 7 Sikkerhet mot naturpåkjenninger er særleg relevant.

TEK10 stiller krav om tryggleik mot alle typar naturpåkjenningar. Kapittel 7. Sikkerhet mot naturpåkjenninger inneheld både eit generelt krav om tilfredsstillande tryggleik mot skade og vesentleg ulempe frå naturpåkjenning i § 7-1 og konkrete tryggleikskrav for enkelte naturfarar som flaum, stormflod og skred i §§ 7-2 til 7-4. Byggverk der konsekvensen av ein flaum eller eit skred er særleg stor, skal ikkje plasserast i flaum- eller skredutsett område, jf. §§ 7-2 fyrste ledd og 7-3 fyrste ledd. Krava til tryggleik er nærare utdjupa i kapitla 4 til 8 i denne temarettleiinga.

Kva tiltak gjeld tryggleikskrava for?

Pbl. § 20-1 slår fast verkeområdet til byggjesaksføresegnene og byggtekniske krav. Verkeområdet omfattar alle bygningar, anlegg og konstruksjonar. Krav til tryggleik gjeld derfor for alle bygningar, alle anlegg og alle konstruksjonar. Reglane gjeld for dei fleste arbeid på slike tiltak, blant anna oppføring, tilbygging, påbygging, underbygging, vesentleg endring, plassering og riving. Reint vedlikehald er derimot ikkje omfatta.

Døme på byggverk hvor tryggleikskrava gjeld

Krav til tryggleik gjeld:

Alle bygningar

  • bustad, fritidsbustad, garasje

  • arbeids- og publikumsbygg

  • næringsbygg

Alle anlegg

  • vegar

  • terrenginngrep

  • vass- og avløpsanlegg

Alle konstruksjonar

  • tribunar

  • master

  • bruer

Dei fleste tiltak er omfatta av søknadsplikt og kan ikkje setjast i gang før bygningsstyresmaktene har gjeve løyve, jf. pbl. § 20-2. Ansvaret for at tiltaket tilfredsstiller regelverket ligg hjå tiltakshavarsida. Kommunen skal normalt avslå søknaden dersom krav til tryggleik mot naturpåkjenningar ikkje er stadfest oppfylte.

Krav til tryggleik gjeld også tiltak som er unntekne søknadsplikta

Tiltak unnatekne søknadsplikt følgjer av pbl. §§ 20-5 til 20-8 og byggjesaksforskrifta (SAK10), kapittel 4. Her er tiltakshavar åleine fullt ut ansvarleg for at krava til tryggleik er oppfylte. Kommunen kan eventuelt gripe inn ved tilsyn, men kommunen har normalt ikkje kjennskap til at det blir sett opp slike tiltak, i og med at dei ikkje er søknadspliktige.

Tiltak som er unnatekne frå søknadsplikt omfattar ulike typar tiltak. Visse tiltak er unnatekne fordi dei er små og har lite å seie for omgjevnadene, medan andre tiltak er unnatekne fordi ein føreset at dei blir tilfredsstillande varetekne av andre lover.

Pbl. § 20-5 og SAK10 §§ 4-1 og 4-2 gjev unntak for mindre tiltak og for plassering av tiltak i tilknyting til byggje- og anleggstomt. Sjølv om eit tiltak er lite, vil det kunne ha store konsekvensar. Tiltakshavar må derfor vere bevisst at krav til tryggleik mot naturpåkjenningar gjeld. I kvikkleireområde vil eksempelvis fylling på toppen av ei skråning og utgraving i fyllingsfoten kunne forskyve massebalansen og medføre utgliding som kan få konsekvensar langt ut over tiltaket sjølv.

Det er gjeve unntak frå søknadsplikt for ei rekkje tiltak som blir behandla etter andre lover, jf. pbl. § 20-2 og SAK10 § 4-3. Desse tiltaka kan vere svært omfattande. Kor mykje av det bygningsrettslege regelverket dei er unnatekne frå, varierer. Ein del av tiltaka er unnatekne frå store delar av bygningslovgjevinga, medan andre tiltak berre er unnatekne frå søknadsplikt og ansvarsrett.

For alle tiltaka, uavhengig av om dei er søknadspliktige eller ei, gjeld dei tekniske krava som følgjer av byggteknisk forskrift (TEK10) så langt dei passar, jf . pbl. §§ 30-4 og 30-5. Vidare er det eit generelt vilkår for unntak at tiltaket ikkje er i strid med plan eller føresegner som følgjer av plan- og bygningslova.

Pbl. §§ 20-7 og 20-8 gjev unntak for krav i pbl. for Forsvaret og for visse skjermingsverdige objekt.

Døme på tiltak unnatekne søknadsplikt

Krav til tryggleik gjeld også tiltak unntekne søknad og byggjesaksbehandling:

Mindre tiltak

  • garasje

  • fylling, planering

  • oppstillingsplass for landbruksmaskiner

Tiltak som blir behandla etter andre lover

  • offentlege veganlegg

  • vasskraft

  • energianlegg

  • landbruksvegar

  • steinbrot

  • jernbane

Særskilde tiltak

  • byggje og anleggstomt

  • forsvarsbygg