Utbygging i fareområde

Temarettleiinga er revidert. Den nyaste utgåva finn du her.

2. Generelt om regelverket

2.9. Kva for tryggleikskrav gjeld for tiltak som er regulerte av andre lover ?

Krava til tryggleik gjeld for alle bygningar, konstruksjonar og anlegg, uavhengig av søknadsplikt til bygningsmyndigheitene og uavhengig av om tiltaket også er regulert av særlovgjeving. Dette gjeld eksempelvis for veg- og jernbaneanlegg og anlegg for produksjon av energi. Slike tiltak er unnateke frå krav om byggjesaksbehandling, men ikkje frå materielle krav til tryggleik, jf. byggjesaksforskrifta (SAK10) § 4-3.

Ein del av tiltaka som er unnatekne byggjesaksbehandling og ansvar, er konstruksjonar og anlegg. Byggteknisk forskrift (TEK10) er i hovudsak ei funksjonsbasert forskrift som i utgangspunktet omfattar alle typar byggverk. Plan- og bygningsregelverket er likevel i stor grad utforma med tanke på bygningar. Ei rekkje føresegner, attåt rettleiingsmateriell og retningsgjevande døme, er derfor meir direkte brukande for bygningar. Krava til tryggleik mot naturpåkjenningar må i mange tilfelle fortolkast og utdjupast for å få praktisk nytte for konstruksjonar og anlegg. Særlovgjeving konkretiserer i enkelte tilfelle krava innanfor rammene som TEK10 gjev. TEK10 gjeld uavhengig av særlovgjevinga.

Nedanfor følgjer ein tabell som viser tiltak unnatekne søknad og saksbehandling etter plan- og bygningslovgjevinga, fordi dei er regulerte av andre lover. Tabellen gjev ei oversikt over kva for utfyllande tryggleikskrav, i tillegg til krava i TEK10, som følgjer av særlovgjevinga. Tabellen viser vidare kva styresmakt som er relevant særstyresmakt for desse tiltaka, og kva krav i plan- og bygningslovgjevinga tiltaka er unnatekne frå.

For tiltak som er unnatekne søknadsplikt etter SAK10 § 4-3 fordi dei er regulerte av særlovgjeving, har tiltakshavar likevel ei meldeplikt til bygningsstyresmaktene.

Krav om melding til kommunen for tiltak unnatekne søknadsplikt, fordi dei er regulerte av andre lover

Tiltak som er unnatekne søknad fordi dei er varetekne av særlovgjeving, skal rapporterast inn til kommunen både før og etter at arbeida er utførte.

Når skal fyrste melding sendast?

  • når tiltaket er godkjent etter særlovgivninga

Kva skal meldinga innehalde?

  • tidspunkt for igangsetjing
  • opplysning av tiltakets plassering

Når skal siste melding sendast kommunen?

  • seinast 4 veker etter at tiltaket er ferdig

Kva skal meldingea innehalde?

  • opplysning om den faktiske plasseringa av tiltaket slik det vart utført


Tiltakshavar skal underrette kommunen når tiltak etter SAK10 § 4-3 er godkjent etter andre lover. Føremålet med meldeplikta er at kommunen skal få høve til å føre tilsyn og å oppdatere kartverk. Tiltakshavar skal i underretninga opplyse om tidspunktet for igangsetjing. Alle opplysningar om plassering av tiltaket som er nødvendige for ajourføring av det offentlege kartverket, medrekna dei felles kartdatabasane til kommunane og staten, skal sendast kommunen saman med underretninga, jf. pbl. kapittel 2 (krav om kartgrunnlag, stadfest informasjon mv.). Vidare skal tiltakshavar sende underretning til kommunen om plassering av tiltaket slik det er utført, seinast fire veker etter at tiltaket er ferdig.

Tabell 2.9. Oversikt over tiltak unnatekne søknadsplikt etter pbl. som regulerte av særlovgjevning (trykk på krysset for å sjå heile tabellen),


Type tiltak

Offentlege veganlegg

Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl.

Heimel for unntak

Kva er dei unnatekne frå?

Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk

Skal opparbeidast etter veglova. Detaljert avklart i gjeldande reguleringsplan

SAK10 § 4-3, fyrste ledd, bokstav a

Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25, 27, 28, 29, 30, 31.

Ikkje unnatekne 29-2, 29-3, 29-5, 29-7 og TEK10

Veglova § 13

Forskrift om anlegg av offentlig veg § 3

Normal: Håndbok N200 Vegbygging

Ansvarleg styresmakt: Statens vegvesen

Sentral styresmakt: Vegdirektoratet

Type tiltak

Offentlege veganlegg

Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl.

Heimel for unntak

Kva er dei unnatekne frå?

Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk

Statens vegvesen eller fylkeskommunen som tiltakshavar

SAK10 § 4-3, fyrste ledd, bokstav a

Pbl. kap. 22, 23, 24, 25

Ikkje unnateke TEK10

Veglova § 13

Forskrift om anlegg av offentlig veg § 3

Normal: Håndbok N200 Vegbygging

Tunneltryggleiksforskrifta

Ansvarleg styresmakt: Statens vegvesen eller fylkeskommunen

Sentral styresmakt: Vegdirektoratet

Type tiltak

Vasskraftverk

Tiltak i vassdrag

Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl.

Heimel for unntak

Kva er dei unnatekne frå?

Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk

Konsesjon etter industrikonsesjonslova, vassdragsreguleringslova eller vassressurslova

SAK 10 § 4-3, fyrste ledd, bokstav b

Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25, 27, 28, 29, 30, 31. Ikkje unnateke 29-5, 29-7 og TEK10

Veileder: Konsesjonshandsaming av vasskraftverk

Ansvarleg styresmakt: Norges vassdrags- og energidirektoratet (NVE) (inntil 40 megawatt)

Sentral styresmakt: Olje- og energidepartementet (OED)

Type tiltak

Bygningar og bygningstekniske installasjonar i samband med vasskraftanlegg eller tiltak i vassdrag (sjå SAK10 § 4-3 fyrste ledd bokstav b)

Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl.

Heimel for unntak

Kva er dei unnatekne frå?

Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk

SAK10 § 4-3, andre ledd, bokstav a

Pbl. kap 20, 21, 22, 23, 24, 25. Ikkje unnateke TEK10

Ansvarleg styresmakt: Norges vassdrags- og energidirektoratet (NVE)

Sentral styresmakt: Olje- og energidepartementet (OED)

Type tiltak

Kraftleidningar og transformatorstasjonar: Anlegg for overføring eller omforming av elektrisk energi som nemnt i energilova § 3-1, tredje ledd

Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl.

Heimel

for unntak

Kva er dei unnatekne frå?

Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk

Tiltaket er regulert av energilova § 3-1, tredje ledd

Pbl. § 1-3, andre ledd

Unnateke det meste av pbl. Berre kap. 2 og 14 gjeld. TEK10 gjeld ikkje.

Rettleiar for utforming av søknader om anleggskonsesjon for kraftoverføringsanlegg

Ansvarleg styresmakt: Statnett

Sentral styresmakt: Olje- og energidepartementet (OED)

Type tiltak

Anlegg for produksjon av elektrisk energi

Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl.

Heimel

for unntak

Kva er dei unnatekne frå?

Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk

Anleggskonsesjon

SAK10 § 4-3, fyrste ledd, bokstav c

Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25, 27, 28, 29, 30, 31. Ikkje unnateke 29-5, 29-7 og TEK10

Energilova

Energilovforskrifta

Beredskapsforskrifta

Ansvarleg styresmakt: Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Sentral styresmakt: Olje- og energidepartementet (OED)

Type tiltak

Anlegg for fordeling av elektrisk energ

Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl.

Heimel for unntak

Kva er dei unnatekne frå?

Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk

Områdekonsesjon

SAK10 § 4-3, fyrste ledd, bokstav c

Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25, 27, 28, 29, 30, 31. Ikkje unnateke 29-5, 29-7 og TEK10

Energilova

Energilovforskrifta

Beredskapsforskrifta

Ansvarleg styresmakt: Norges vassdrags- og energidirektoratet (NVE)

Sentral styresmakt: Olje- og energidepartementet (OED)

Type tiltak

Fjernvarmeanlegg

Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl.

Heimel for unntak

Kva er dei unnatekne frå?

Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk

Fjernvarmekonsesjon

SAK10 § 4-3, fyrste ledd, bokstav c

Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25, 27, 28, 29, 30, 31. Ikkje unnateke 29-5, 29-7 og TEK10

Energilova

Energilovforskrifta

Beredskapsforskrifta

Ansvarleg styresmakt: Norges vassdrags- og energidirektoratet (NVE)

Sentral styresmakt: Olje- og energidepartementet (OED)

Type tiltak

Bygningar og bygningstekniske installasjoner i samband med anlegg for produksjon av elektrisk energi mv. (sjå SAK10 § 4-3, fyrste ledd bokstav c

Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl.

Heimel for unntak

Kva er dei unnatekne frå?

Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk

SAK10 § 4-3, andre ledd, bokstav a

Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25. Ikkje unnateke TEK10

Ansvarleg styresmakt: Norges vassdrags- og energidirektoratet (NVE)

Sentral styresmakt: Olje- og energidepartementet (OED)

Type tiltak

Nettanlegg, anlegg for fornybar energi, andre fornybare energianlegg

Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl.

Heimel for unntak

Kva er dei unnatekne frå?

Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk

Konsesjon etter havenergiloven

SAK10 § 4-3, fyrste ledd, boktav d

Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25, 27, 28, 29, 30, 31. Ikkje unnateke 29-5, 29-7 og TEK10

Havenergiloven

Ansvarleg styresmakt: Olje- og energidepartementet (OED)

Type tiltak

Landbruksvegar

Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl.

Heimel for unntak

Kva er dei unnatekne frå?

Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk

Godkjent etter skogbrukslova eller jordlova

SAK10 § 4-3, fyrste ledd, bokstav e

Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25, 27, 28, 29, 30, 31. Ikkje unnateke 29-5, 29-7 og TEK10

Skogbrukslova

Jordlova

Forskrift om planlegging og godkjenning av veier for landbruksformål

Rundskriv M-2/1997 - Ny forskrift om planlegging og godkjenning av veier til landbruksformål

Normaler for landbruksveier - med byggebeskrivelse (LMD 2013)

Skogsveibygging med miljøhensyn (LMD 1995)

Skogsveger og skredfare (LMD/NVE 2011)

Ansvarleg styresmakt: Kommunen

Sentral styresmakt: Landbruks- og matdepartementet

Type tiltak

Flytande akvakulturanlegg i sjø

Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl.

Heimel for unntak

Kva er dei unnatekne frå?

Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk

Gjeve løyve etter akvakulturlova

SAK10 § 4-3, fyrste ledd, bokstav f

Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25, 27, 28, 29, 30, 31. Ikkje unnateke 29-5, 29-7 og TEK10

Akvakulturlova

Ansvarleg styresmakt: Fiskeridirektoratet

Sentral styresmakt: Nærings- og fiskeridepartementet (NFD)

Type tiltak

Steinbrot, gruver, massetak, inkludert knuseverk, sorteringsanlegg

Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl.

Heimel for unntak

Kva er dei unnatekne frå?

Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk

Samsvar med reguleringsplan og konsesjon etter minerallova

SAK10 § 4-3, fyrste ledd, bokstav g

Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25, 27, 28, 29, 30, 31. Ikkje unnateke 29-5, 29-7 og TEK10

Minerallova

Ansvarleg styresmakt: Direktoratet for mineralforvaltning

Sentral styresmakt: Nærings- og fiskeridepartementet (NFD)

Type tiltak

Jernbaneanlegg som sporveg, tunnelbane, forstadsbane

Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl.

Heimel for unntak

Kva er dei unnatekne frå?

Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk

Detaljert avklart i gjeldande reguleringsplan. Skal anleggjast etter jernbanelova

SAK10 § 4-3, andre ledd, bokstav b

Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25. Ikkje unnateke TEK10

Jernbanelova

Forskrift om krav til sporvei, tunnelbane og forstadsbane, m.m. (kravforskriften) FOR 2014-12-10-1572)

Aktørens tekniske regelverk for eigen infrastruktur

Ansvarleg styresmakt: Statens jernbanetilsyn

Sentral styresmakt: Samferdselsdepartementet (SD)

Type tiltak

Jernbaneanlegg

Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl.

Heimel for unntak

Kva er dei unnatekne frå?

Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk

Godkjent av Statens jernbanetilsyn etter jernbanelova

SAK10 § 4-3, andre ledd, bokstav b

Pbl. kap. 22, 23, 24, 25. Ikkje unnateke søknad og TEK10

Jernbanelova

Forskrift om samtrafikkevnen i jernbanesystemet (samtrafikkforskrifta) (2010-06-16-820) med tilhøyrande TSI-ar (tekniske krav til interoperabilitet)

Jernbaneinfrastrukturforskrifta (2011-04-11-388) §§ 3-1, 3-3

Jernbaneverkets tekniske regelverk/normalar

Ansvarleg styresmakt: Statens jernbanetilsyn

Sentral styresmakt: Samferdselsdepartementet (SD)

Type tiltak

Navigasjonsinnretning og tiltak i grunnen og sjøgrunnen ved slike innretningar

Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl.

Heimel for unntak

Kva er dei unnatekne frå?

Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk

Skal opparbeidast etter hamne- og farvatnlova

SAK10 § 4-3, andre ledd, bokstav c

Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25. Ikkje unnateke TEK10

Hamne- og farvatnlova

Ansvarleg styresmakt: Planmyndighet i kommunen

Sentral styresmakt: Samferdselsdepartementet (SD)

Type tiltak

Navigasjonsinnretningar: Gjenoppføring og reparasjon

Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl.

Heimel for unntak

Kva er dei unnatekne frå?

Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk

Skal anleggjast etter luftfartslova

SAK10 § 4-3, andre ledd, bokstav c

Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25. Ikkje unnateke TEK10

Luftfartslova

Ansvarleg styresmakt: Samferdselsdepartementet (SD)

Type tiltak

Moloar, dekningsverk i sjø: Gjenoppføring og reparasjon

Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl.

Heimel for unntak

Kva er dei unnatekne frå?

Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk

Kystverket eller kommune er tiltakshavar

Vindkraftanlegg, sjøkablar

Anlegg som blir konsesjonsbehandla

SAK10 § 4-3, andre ledd, bokstav d

Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25. Ikkje unnateke TEK10

Havenergilova, kap. 5

Ansvarleg styresmakt: Kystverket

Sentral styresmakt : Olje- og energidepartementet (OED)

Type tiltak

Konstruksjonar og anlegg som er opparbeidde etter føresegner gjevne i eller i medhald av brann- og eksplosjonsvernlova.

Utbetring/utskifting/reparasjon av slike anlegg og konstruksjonar

Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl.

Heimel for unntak

Kva er dei unnatekne frå?

Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk

Skal anleggjast etter føresegner gjevne i eller i medhald av brann- og eksplosjonsvernlova, t.d. etablering av anlegg som handterer farleg stoff.

Grunn- og terrengarbeid, medrekna fundamentering, er ikkje omfatta av unntaket.

SAK10 § 4-3, tredje ledd

Pbl. kap. 22, 23, 24, 25. Ikkje unnateke søknad og TEK10

Brann- og eksplosjonsvernlova kap. 2, jf. forskrift 8. juni 2009 nr. 602 om håndtering av farlig stoff og forskrift 26. juni 2002 nr. 922 om eksplosjonsfarlig stoff

Ansvarleg styresmakt: Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) eller brannvesenet

Sentral styresmakt: Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) / Justis- og beredskapsdepartementet (JD)