Utbygging i fareområde

Temarettleiinga er revidert. Den nyaste utgåva finn du her.

6. Skred

6.4. Sikringstiltak

Byggverk som er regulerte av tryggleikskrava i § 7-3 andre ledd, kan plasserast i område der sannsynet for skred er større enn minstekravet i forskrifta. Føresetnaden er at det blir gjennomført sikringstiltak som reduserer sannsynet for skred mot byggverket og tilhøyrande uteareal, til det nivået som er oppgjeve i forskrifta.

Sikringstiltak blir gjennomførte anten i samband med ny utbygging for å vareta krava til tryggleik i TEK10, eller for å betre tryggleiken for eldre byggverk .

Sikringstiltak kan delast i tre grupper:

  • Tiltak i utløysingsområdet: Tiltak som skal hindre at skred blir utløyste

  • Tiltak i skredløpet: Tiltak som skal leie skredet bort frå utsett område og eventuelt redusere utløpslengda til skredet

  • Tiltak i utløpsområdet: Tiltak som skal stoppe, bremse eller på annan måte hindre skred i å nå bygningar, vegar eller liknande. Sjølve bygningane kan dimensjonerast til å tole krefter frå skred dersom skredlastene ikkje er for store. Maksimal skredlast bør ikkje vere større enn anslagsvis 50 kPa - 60 kPa.

Døme på skredsikring er:

  • snøskredgjerde, fjellboltar og nett for å hindre at skred blir utløyste

  • avleiing av overvatn eller drenering for å redusere sannsynet for lausmasse- eller fjellskred

  • fangnett, bremse-, lede- eller ffangvollar som skal hindre at skredmassar når område der dei kan gjere skade

  • motfylling i skråningsfot, utslaking/avlasting eller armering for å stabilisere lausmasseskråningar

Skog kan bidra til å hindre utløysing av snøskred, stoppe steinsprang og redusere jordskredfare. Bevaring av skog og riktig skogskjøtsel er viktig for skredførebygging i bratt terreng, og kan samstundes gje miljøvinst.