Utbygging i fareområde

Temarettleiinga er revidert. Den nyaste utgåva finn du her.

10. Finansiering av undersøkingar om fare og erstatning ved skade

10.1. Finansiering av kartlegging og utgreiing av fareområder

Kostnadene til kartlegging og utgreiing av tryggleik mot naturpåkjenningar skal berast av den aktøren som har ansvaret for å kartleggje tryggleiken. Kven ansvaret ligg til, avheng av i kva for ein fase ein er i plan- og byggjesaksprosessane. Ansvar og roller gjer vi nærare greie for i kapittel 11 Roller og ansvar i denne rettleiinga.

Utarbeiding av arealplanar

I samband med utarbeiding av arealplanar bør kommunen syte for at det i nødvendig grad blir utført undersøkingar med sikte på å avdekkje område utsette for skred, flaum, kvikkleire, radon og andre farar. Vi viser til plan- og bygningslova (pbl.) § 4-3.

Kommunen har plikt å utarbeide arealdel til kommuneplanen, jf. pbl. kap. 11 om kommuneplan og det vil då liggje til kommunen å koste kartlegging og undersøkingar. Utgreiing av naturfarar på kommuneplannivå skal kartleggje areal med potensiell fare i område der det kan vere aktuelt med utbygging. Det er ikkje krav om detaljkartlegging og markering av område med reell fare i kommuneplan. Potensielt fareområde skal merkjast av som omsynssone eller eventuelt faresone.

Utgreiing av naturfarar på reguleringsplannivå (områderegulering og detaljregulering) jf. pbl kap. 12 om reguleringsplan skal utgreie reell fare. Utgreiinga skal identifisere og avgrense fareområda i samsvar med tryggleiksklassane i byggteknisk forskrift (TEK10). Ansvaret for kartlegging og utgreiing av fareområde ligg til forslagsstillar. Forslagsstillar ber kostnadene.

I reguleringsplansamanheng står private ofte for utarbeiding av planane. Ved private planforslag er det private som ber kostnadene til utgreiing. Der kommunen utarbeider reguleringsplan, er det kommunen som kostar nødvendige utgreiingar. Ved utarbeiding av planar for utbygging, skal planmyndigheit sjå til at risiko- og sårbarheitsanalyse blir gjennomført eller sjølv utføre slik analyse. Område med fare, risiko eller sårbarheit skal merkjast av i planen som omsynssone jf. pbl. § 4-3 . Dersom kommunen sjølv skal stå for undersøkingane ved private planforslag, kan det vere aktuelt å krevje utgiftene dekte gjennom saksbehandlingsgebyret for det private planforslaget.

Byggjesak

Ved byggjesøknad skal søkjar alltid opplyse om krava til tryggleik er oppfylte. I potensielle fareområde, eksempelvis i omsynssoner eller område avmerkte på aktsemdskart, krev ein kartlegging og utgreiing av fagkunnig for å kunne stadfeste at tilstrekkeleg tryggleik etter plan- og bygningslova (pbl.) § 28-1 og TEK10 ligg føre. Dokumentasjon frå fagkunnig skal leggjast ved søknaden. Dei økonomiske kostnadene til slik utgreiing ligg til tiltakshavar.

Dersom nødvendig dokumentasjon for at byggjetomta har tilstrekkeleg tryggleik ikkje ligg ved byggjesøknaden, ligg det føre avslagsgrunn. Kommunen kan likevel gje tiltakshavar høve til å utgreie og dokumentere tryggleiken. Ved eit krav frå kommunen om at tryggleiken må dokumenterast, vil tiltakshavar alltid ha valet mellom å få gjennomført utgreiingar og undersøkingar, eller å skrinleggje prosjektet og trekkje søknaden. Dersom tilstrekkeleg tryggleik ikkje kan dokumenterast, skal kommunen gje avslag på søknaden.