Utbygging i fareområde

Temarettleiinga er revidert. Den nyaste utgåva finn du her.

Utbygging i fareområde. Foto: NTB Scanpix

Foto: NTB Scanpix

Om rettleiinga

Denne temarettleiinga er ei revidert utgåve av temarettleiinga H0-1/2008 Utbygging i fareområde frå 2008. Dei vesentlege endringane:

  • Temarettleiinga er oppdatert i samsvar med gjeldande regelverk - plan- og bygningslov av 27. juni 2008 med byggteknisk forskrift (TEK10) og byggjesaksforskrifta (SAK10).

  • Ved lovendringa i 2008 vart plan- og bygningslova (pbl.) § 87 Endring, reparasjon eller bruksendring mv. av bestående byggverk og pbl. § 88 Dispensasjon fra § 87 erstatta av pbl. § 31-2 Tiltak på eksisterende byggverk. Kapittelet i temarettleiinga om tiltak på eksisterande byggverk er revidert i samsvar med dagens regelverk.

  • Det er teke inn eit nytt kapittel om klimaendringar.

  • Temarettleiinga er oppdatert med ny kunnskap.

Temarettleiinga er fyrst og fremst meint å vere til hjelp for plan- og byggjesaksbehandlarar i kommunane. Ein må sjå rettleiinga som eit supplement til rundskrivet T-5/97 «Arealplanlegging og utbygging i fareområder», utgjeve av tidlegare Miljøverndepartementet og Kommunal- og arbeidsdepartementet (no Kommunal- og moderniseringsdepartementet).

Temarettleiinga skildrar kommunen sitt ansvar som forvaltningsorgan i byggjesaksbehandlinga. Ho skildrar også ansvaret utbyggjarsida har, og opplyser om kva tryggleiksnivå som skal leggjast til grunn ved bygging i fareområde.

For å sjå byggjesaksdelen i samanheng med plandelen av plan-og bygningslova er det vist til enkelte sentrale planføresegner.

Rettleiinga tek føre seg krav til tryggleik mot naturpåkjenningar ved plassering og utbygging i fareområde. Ho omtaler ikkje laster som alle byggverk skal dimensjonerast for å tole, som vind- og snølaster. Menneskeskapte farar og menneskeskapte vesentlege ulemper som t.d. støy og ureining frå avfall, er heller ikkje omtalte.

Vi håper temarettleiinga blir eit nyttig verktøy.

Ikkje nynorskbrukar?