Utbygging i fareområde

Temarettleiinga er revidert. Den nyaste utgåva finn du her.

8. Tiltak på eksisterande byggverk

8.2. Er mogleg å gjere arbeid sjølv om bygningen ligg i eit fareområde?

Dersom eit bygg ligg i eit fareområde, vil det kunne krevje dispensasjon etter plan- og bygningslova kapittel 19, eller eige løyve etter plan- og bygningslova § 31-2 for å gjere arbeid på det. Dette gjeld der nominell årleg sannsyn for skred er større enn det som gjeld for tryggleiksklassen bygget er omfatta av.

§ 31-2 omhandlar tiltak på eksisterande bygg. Fjerde ledd i føresegna opnar for at kommunen kan gje løyve til bruksendring og nødvendig ombygging og rehabilitering i dei tilfella der det ikkje er mogleg å endre til gjeldande tekniske krav utan uforholdsmessige kostnader. Føresegna stiller som vilkår at bruksendringa eller ombygginga er forsvarleg og nødvendig for å sikre føremålstenleg bruk. Kommunen kan stille vilkår i løyvet.

Frå 1. januar 2016 er det innført nytt femte ledd i TEK10 § 7-2 om tryggleik mot flaum og stormflod og nytt tredje ledd i TEK10 § 7-3 om tryggleik mot skred. Forskriftsendringane opnar for at nokre mindre tiltak på eksisterande byggverk er omfatta av tryggleiksklasse F1 for flaum og S1 for skred, sjølv om bygningen som skal bli utvida eller bruksendra er omfatta av tryggleiksklasse F2 eller F3 for flaum alternativt S2 eller S3 for skred. For flaum skal tiltaket blant anna ikkje føre til redusert persontryggleik og heller ikkje omfatte etablering av ny brukseining. For skred skal tiltaket blant anna ha liten konsekvens for persontryggleik og heller ikkje omfatte etablering av ny brukseining. Forskriftsendringen omfattar ikkje tiltak som ligger innanfor områder med fare for kvikkleireskred.

Endringshistorikk 8

  • 09.02.17 Henvisninga til departementets svar på førespurnad om tilbygg/utviding av bygningar som ligg i skredområde (brev til Tranøy kommune) er tatt ut av temarettleiinga. Dette er regulert i byggteknisk forskrift § 7-3 tredje ledd: TEK10 § 7-3. Sikkerhet mot skred