Utbygging i fareområde

Temarettleiinga er revidert. Den nyaste utgåva finn du her.

3. Klimaendringar

3.1. Endringar i Noreg dei siste hundre åra

Hovedtendensen for Noreg er at det har vorte varmare og våtare.

Den fyrste Klima i Norge 2100 - rapporten vart publisert i 2009. Hausten 2015 ble den oppdaterte rapporten Klima i Norge 2100 - kunnskapsgrunnlag for klimatilpasning publisert. Arbeidet er utført av Norsk klimaservicesenter på oppdrag frå Miljødirektoratet. Rapporten skal gje grunnlagsinformasjon for klimatilpassing i Noreg. Alle data knytte til klimaendringar i dette kapittelet, er henta frå denne rapporten om ikkje anna er oppgjeve.

I rapporten oppsummerer ein klimaet i dag og klimautviklinga fram til no. Med perioden 1971-2000 som referansepunkt er klimautviklinga vidare framover mot 2100 berekna. Klimaframskrivingane i rapporten er baserte på resultata frå globale klimamodellar som er køyrde med ulike "utsleppsscenario", dvs. forventingar om framtidige utslepp av klimagassar. I hovudsak er tre scenario brukte: RCP2.6, RCP4.5 og RCP8.5. Kort fortalt er RCP2.6 eit utsleppsscenario som krev drastiske utsleppskutt, RCP4.5 krev store kutt, medan RCP8.5-scenarioet inneber at utsleppsauken held fram om lag som no. Dei ulike scenarioa er nærare skildra i rapporten.

Det går fram av rapporten at det er knytt uvisse til berekningane, men at dei likevel gjev eit klårt bilete av hovudtrekka i korleis ein forventar at menneskeskapte klimaendringar vil slå ut i Noreg.

Under gjev vi att sentrale klimaendringar i Noreg i løpet av dei siste hundre åra.

Klimaendringar i Noreg de siste hundre åra

Temperatur

  • Årsmiddeltemperaturen har auka med ca. 1 °C frå 1900 til 2014.

  • Det har vvore periodar med både stigande og fallande temperatur, men dei siste 40 åra har auken vore svært markant.

  • Snøsesongen har vorte kortare dei fleste stader.

  • Den observerte temperaturauken har generelt ført til auka vassføring om vinteren og våren og tidlegare snøsmelting.

Nedbør

  • Årsnedbøren for landet som helskap har auka med ca. 18 % sidan 1900. Auken er størst om våren og minst om sommaren.

Vind

  • Langs kysten og i høgfjellet bles det stiv kuling eller meir i 1 % av tida. Dei siste 50 årene har det vore ein svak auke i den vindfarten som blir overskriden i 1 % av tida, men det er store variasjonar frå år til år og mellom ulike lokalitetar.

Havnivåstigning

  • Havnivået utanfor norskekysten er berekna å ha auka med 1,9 mm pr. år i perioden 1960-2010, men sidan store delar av kysten i same periode har hatt ei landheving, er observert endring av havnivå frå - 13 cm (Oslo) til + 6 cm (Stavanger).