Utbygging i fareområde

Temarettleiinga er revidert. Den nyaste utgåva finn du her.

2. Generelt om regelverket

2.1. Verkemiddel for å sikre at det ikkje blir bygd i fareområde

Plan- og bygningslovgjevinga har fleire verkemiddel for å sikre at det ikkje blir bygd i område som er utsette for fare. Regelverket bidreg til at tryggleik skal vurderast på fleire stadium i plan- og byggjesaksprosessane.

Figur 2.1. Plan- og byggjesaksprosessar der krav til tryggleik mot naturpåkjenningar blir vurderte.
Figur 2.1. Plan- og byggjesaksprosessar der krav til tryggleik mot naturpåkjenningar blir vurderte.

Arealplanlegging

Krav til tryggleik mot fare som følgje av naturforhold skal fyrst og fremst varetakast i arealplanlegginga. Arealplanlegging som tek omsyn til flaum- og skredfare, er viktig for å førebyggje tap og skadar frå naturfarar. Ved utbygging i samsvar med nyare plan vil normalt krava til tryggleiken mot naturfarar vere varetekne .

God arealplanlegging skal bidra til å unngå fare og risiko som følgje av flaum og ras, og redusere trussel mot liv, helse og materielle verdiar knytte til klimaendringar. Det er særleg viktig å halde samfunnsviktige funksjonar og infrastruktur ved lag.

Kommunane skal utarbeide kommuneplanar og har ansvaret for at det blir utarbeidd reguleringsplanar for byggje- og anleggstiltak.

I samband med utarbeiding av arealplanar, skal det utførast ein risiko- og sårbarheitsanalyse. I denne analysen skal blant anna risikoen for flaumskadar og rasfare vurderast. Informasjon om aktuelle farar må gå fram av planen, til dømes gjennom særskilte omsynssoner. For kommuneplanar og reguleringsplanar som kan få vesentlege verknader for miljø, naturressursar og samfunn, skal det utarbeidast ei konsekvensutgreiing. Risiko- og sårbarheitsanalysen vil då gå inn som ein del av konsekvensutgreiinga.

Arealplanar skal hindre ny utbygging i område som blir vurderte som flaumutsette eller utsette for rasfare.

Der tidlegare godkjende planar opnar for bygging i fare- eller rasområde, bør planane takast opp til revisjon. Kommunane kan om nødvendig omregulere byggjeområde til anna føremål, eller gje planreglar for å avgrense faren.

Mange arealplanar er av eldre dato og ikkje oppdaterte i tråd med ny kunnskap om fareområde. Andre område er ikkje omfatta av arealplanar. Regelverket har derfor ulike føresegner som skal sikre at det ikkje blir bygd i fareområde i tilfella der dette ikkje er vareteke i arealplanen.

Byggje- og deleforbod

Kommunen har høve til å leggje ned mellombels byggje- og deleforbod i påvente av at eit område skal planleggjast. Dette følgjer av plan- og bygningslova (pbl.) § 13-1. Dette kan eksempelvis vere aktuelt i område der det er behov for å kartleggje og utgreie eventuell fare.

Vidare har kommunen høve til å leggje ned byggjeforbod etter pbl. § 28-1 andre ledd, for grunn som ikkje er tilstrekkeleg sikker. Byggjeforbod etter denne føresegna kan kommunen bruke for område der dei har faktisk kjennskap til at krav til tryggleik ikkje er oppfylte.

Byggjesak

Byggjesakprosessen skal også sikre at det ikkje blir bygd i fareområde. Kommunen skal normalt avslå byggjesøknader der det ikkje ligg føre tilstrekkeleg tryggleik. Dette følgjer av pbl. § 28-1 fyrste ledd.

Ved byggjesøknad og utbygging har utbyggjarsida ansvaret for å kartleggje og utgreie byggjetomta og forholdet til naturpåkjenningar slik at tiltaket skal bli i samsvar med alle relevante krav. Krav til tryggleik mot naturpåkjenningar skal dokumenterast i søknaden om byggjeløyve. Ansvarlege føretak i byggjesaka skal prosjektere tiltaket slik at det oppfyller krava til tryggleik. For prosjektering av geoteknikk i tiltaksklasse 2 og 3 er det krav om obligatorisk uavhengig kontroll.

Kva slags vurderingar av tryggleik som skal gjerast i dei ulike fasane i plan- og byggjesaksprosessane, blir utdjupa i punkta 2.4 til 2.7. Tryggleiksnivåa og kva tryggleikskrava konkret inneber for dei ulike naturfarane, blir utdjupa i kapitla 4 til 8.