Utbygging i fareområde

Temarettleiinga er revidert. Den nyaste utgåva finn du her.

4. Flaum

4.1. Flaumprosessar

Med flaum meiner vi her overfløyming ved auka vassføring og vasstand i elvar, bekkar og vatn som følgje av stor nedbør og/eller snøsmelting, og oppdemming som følgje av isgang eller skred.

Faren for skade ved flaum vil variere med vassdjupn og fart, og om det er erosjon og massetransport i vassdraget.

Erosjon er ein framskridande prosess der tryggleiksnivået ikkje kan oppgjevast som gjentaksintervall, slik som for flaum. Byggverk må leggjast i sikker avstand frå erosjonsutsett skråning, eventuelt må skråninga sikrast mot erosjon.

I store sakteflytande elvar vil det fyrst og fremst vere fare for materielle skadar ved overfløyming. Kombinasjonen av mykje regn og kraftig snøsmelting kan gje svært store flaumar, men vil utvikle seg gradvis slik at det er tid til å evakuere.

I små, og særleg i bratte vassdrag, vil flaumen utvikle seg raskare. Intense og kraftige byer kan gje stor vassføring i små elvar og bekkar, der nedbørfeltet er lite og responsen er rask. I nokre tilfelle kan vatnet brått ta nye vegar utanfor det etablerte elveløpet, særleg dersom det er innsnevringar som følgje av bruer eller kulvertar. I vassdrag som går gjennom lausmassar, vil vatnet grave i elveskråningane, transportere massane nedover vassdraget, og setje av massane der vassdraget flatar ut og straumen minkar. Flaum med svært stor masseføring i eit bratt vassdrag kallar vi flaumskred, og det kan medføre fare for menneskeliv.