Utbygging i fareområde

Temarettleiinga er revidert. Den nyaste utgåva finn du her.

10. Finansiering av undersøkingar om fare og erstatning ved skade

10.2. Kva når skaden er skjedd, og det er behov for utbetring eller oppattbygging?

Når ein skade har skjedd, er det naturleg å vende seg til forsikringsselskapet sitt. Det er likevel viktig å vere merksam på at dei fleste forsikringsselskap føreset at bygningen er oppført i samsvar med tekniske krav. Krava til tryggleik har i stor grad lege på dagens nivå sidan 1987. For einebustader inneber det at dei ikkje skal vere plasserte i område som er utsette for eksempelvis flaum og skred, eller at dei skal vere dimensjonerte for å tole ein 200-årsflaum og eit 1000-årsskred. Nyare bygningar skal derfor normalt ikkje kome til skade. Dersom nyare bygningar likevel kjem til skade, kan det vere ein indikasjon på at byggteknisk forskrift (TEK10) ikkje var oppfylt. Manglande oppfylling av TEK10 vil kunne ha konsekvensar for eventuell forsikringsdekning.

Det er to ulike ordningar som kan dekkje ulike naturskadar – naturskadeforsikring (naturskadepoolen) og naturskadeerstatning (den statlege erstatningsordninga for naturskadar).

Naturskadeforsikring

Naturskadeforsikring er regulert av naturskadeforsikringslova (LOV-1989-06-16-70). Ting som er forsikra mot brannskade, er også forsikra mot naturskade som direkte kjem av naturulukke som skred, flaum, stormflod, jordskjelv og vulkanutbrot. Forsikring kan teiknast i ulike forsikringsselskap, og forsikring blir utbetalt frå Norsk naturskadepool. Det er eit øvre tak på forsikringsutbetaling frå poolen.

Naturskadeerstatning

Den statlege erstatningsordninga for naturskadar (tidlegare Naturskadefondet) blir forvalta av Landbruksdirektoratet. Ein gjev erstatning ved naturskade som direkte kjem av naturulukke som skred, flaum, stormflod, jordskjelv og vulkanutbrot. Erstatning for naturskade blir berre utbetalt for skadar der kommersielle forsikringsselskap ikkje tilbyr forsikring. Det er ikkje tak på erstatningsbeløpet.

Naturskadeerstatning er regulert av naturskadelova. Ho vil bli erstatta av naturskadeerstatningslova (LOV-2014-08-15-59) som vert sett i kraft 01.07.2017.