Utbygging i fareområde

Temarettleiinga er revidert. Den nyaste utgåva finn du her.

3. Klimaendringar

Innleiing

Kapitlet tek føre seg klimaendringar i Noreg gjennom dei siste hundre åra, korleis klimaet fram mot 2100 vil kunne bli, og kva konsekvensar klimaendringa kan ha for utbygging i fareområde. Kapittelet omtaler klimaendringar når det gjeld utbygging i fareområde. Kapittelet omtaler ikkje laster som alle byggverk skal dimensjonerast for å tole, som vind- og snølaster.

Klimaet og topografien i Noreg har alltid stilt strenge krav til utforming og lokalisering av bygningar. Vi er vane med å ta omsyn til vêr og topografi, og vi har gjennom hundreåra tilpassa oss eit skiftande klima. Det må vi gjere også i framtida.

Klimaet på jorda blir bestemt av solinnstråling, innhaldet av klimagassar i atmosfæren og eigenskapane jordoverflata har, som ulike vegetasjonstypar, havområde og utbreiinga av snø og is.

Klimaet blir vanlegvis skildra ved hjelp av middelverdiar og variasjonar rundt desse. Eit vanleg omgrep er ”normalar” som er nemninga for middelverdiar for bestemte 30-årsperiodar. Det er internasjonalt avtalt å bruke middelverdiar for åra 1901-1930, 1931-60, 1961-90, 1991-2020 osv. Då kan ein samanlikne middelverdiar for same periode over heile verda. Både perioden 1971-2000 og 1981-2010 er i bruk som alternative referanseperiodar.