Utbygging i fareområde

Temarettleiinga er revidert. Den nyaste utgåva finn du her.

2. Generelt om regelverket

2.7. Byggje- og deleforbod

Kommunen kan leggje ned byggjeforbod eller forbod mot oppretting eller endring av eigedom for område som ikkje har tilstrekkeleg tryggleik mot fare eller vesentleg ulempe som følgje av natur- eller miljøforhold. Dette følgjer av plan- og bygningslova (pbl.) § 28-1 andre ledd.

Forbodet kan gjelde ei enkelt tomt eller ein eigedom eller eit større område. Forbodet må vere tydeleg avgrensa i kommunen sin kartdatabase eller kartverk. Forbod etter pbl. § 28-1 medfører inga reguleringsplikt for kommunen, i motsetnad til vedtak om dele- og byggjeforbod i medhald av pbl. § 13-1, som varer i 4 år dersom ikkje planspørsmålet er avgjort.

Omsynet bak pbl. § 28-1 er at frådeling og etablering av nye tomter og utbygging berre kan skje der byggjegrunnen og natur- og miljøforholda er tilstrekkeleg sikre.

Vedtak om forbod mot å byggje etter pbl. § 28-1 kan fattast som eit svar på søknad om løyve til tiltak, men også utan at det i framkant er søkt om løyve til tiltak. I tilfelle der kommunen vurderer å fatte vedtak om forbod mot å byggje etter pbl. § 28-1 utan at det ligg føre søknad om løyve til tiltak, skal det gjevast førehandsvarsel om dette til dei heimelshavarane det gjeld, med frist for fråsegn, jf. forvaltningslova (fvl.) § 16. Vedtaket skal grunngjevast og skal innehalde opplysning om klagerett og klagefrist, jf. fvl. §§ 24-25 og §§ 28 flg. Ligg det føre ein søknad om løyve til tiltak, må denne avgjerast med eige vedtak om avslag. Saksbehandlingsfristane i SAK10 gjeld som normalt. Eit allereie fatta vedtak om forbod mot å byggje avgjer ikkje ein innkomen byggjesøknad om løyve til tiltak, men vil vere heimel for avslag på søknaden.

Pbl. § 28-1 gjeld i uregulert og regulert område. I uregulerte område og i byggjeområde som er omfatta av eldre reguleringsplanar, må ein ta utgangspunkt i at byggjegrunn og natur- og miljøforhold gjennomgåande ikkje er underlagde like grundige undersøkingar som område med nyare reguleringsplanar.

Røynsler og ny teknologi har medført at det i dag er langt større kunnskap om naturfarar enn tidlegare. Nye kartleggingar, forskingsresultat, klimaendringar og fortetting påverkar avgjerder om tilstrekkeleg tryggleik. Forhold som kommunen på tidspunktet for dele- eller byggjeløyve ikkje hadde høve til å kunne oppdage, blir ikkje ramma av føresegna.

Forhold som har oppstått seinare, kan likevel grunngje avslag på nye søknader og eventuelt føre til behov for byggje- og deleforbod og regulering til fareområde.