Utbygging i fareområde

Temarettleiinga er revidert. Den nyaste utgåva finn du her.

11. Roller og ansvar

11.3. Tiltakshavar ansvar

Med tiltakshavar meiner vi primært eigar av eigedomen eller tiltaket - den som vil oppføre eller utføre eit tiltak.

Tiltakshavar har i utgangspunktet fullt ansvar for oppfylling av alle relevante krav for prosjektet sitt. I dei fleste byggjeprosjekt er det krav om bruk av ansvarlege føretak. Tiltakshavar er då forplikta til å hente inn profesjonelle føretak som tek på seg ansvarsrett direkte overfor bygningsmyndigheiten.

Tiltakshavar/føretaket skal skaffe seg kunnskap om naturfarane før søknaden blir fremja for kommunen. Dei kvalifikasjonskrava som blir stilte til ansvarleg føretak, skal sikre at føretaka har kvalifikasjonar og rutinar for sjølv å gjere seg kjende med det plangrunnlaget som gjeld for den aktuelle eigedomen og ta omsyn til aktsemdskart og alle relevante forhold, medrekna krav til tryggleik mot naturpåkjenningar etter plan- og bygningslova (pbl.) § 28-1 og byggteknisk forskrift (TEK10).

I dei seinare åra er det kome mykje ny kunnskap og gjort mange kartleggingar av naturfarar. Det er bl.a. utarbeidd aktsemdskart for store delar av Noreg. NVE sitt aktsemdskart for snøskred og aktsemdskart for steinsprang viser potensielle losne- og utløpsområde for skred. Karta er eit godt hjelpemiddel for vidare vurdering av skredfare. Vidare ligg det føre flaumsonekart for ei rekkje vassdragsstrekningar og aktsemdskart for jord- og flaumskred. Sjå farekart og databasar på NVE si nettside om farekart og databasar.

Område merkte av på aktsemdskart mv. må utgreiast nærare av fagkunnig før det eventuelt kan stadfestast at tilstrekkeleg tryggleik ligg føre. Søkjar (tiltakshavar/ansvarleg søkjar) har ei viktig rolle i å avdekkje behovet for nærare utgreiingar. I samband med dei undersøkingane søkjar gjer av plan, kartgrunnlag og aktsemdskart mv., vil søkjar avdekkje behov for fagkunnig vurdering av naturfarar.

Søknad som tiltakshavar kan stå for sjølv

Tiltak etter pbl. § 20-4 krev ikkje bruk av ansvarlege føretak. Dette er eksempelvis søknad om deling av eigedom, søknad om oppføring av tilbygg inntil 50 m2 og garasje inntil 70 m2. Der tiltakshavar fremjar søknaden sjølv, tek tiltakshavar på seg ansvaret for at krava i pbl. § 28-1 med tilhøyrande føresegner i TEK10 er oppfylte. Tiltakshavar må sjølv vurdere krav til tryggleik og eventuelt hente inn fagkunnig bistand.

I byggjesaker som tiltakshavar står for, skal det i søknaden gjevast opp om byggverket skal plasserast i område med fare. Skjemaet inneheld spørsmål om byggverket skal plasserast i flaumutsett eller skredutsett område, og om det ligg føre andre natur- eller miljøforhold som inneber vesentleg ulempe. Dokumentasjon frå fagkunnig skal leggjast ved der søknaden gjeld utbygging i område som eksempelvis er merkte av i aktsemdskart.

Figur 11.3. Utsnitt frå byggjesaksblankett 5153 Søknad om tiltak utan ansvarsrett.
Figur 11.3. Utsnitt frå byggjesaksblankett 5153 Søknad om tiltak utan ansvarsrett

Tiltak som er unnatekne søknadsplikt og saksbehandling

I desse sakene skjer det inga saksbehandling i kommunen. Byggesaksforskrifta (SAK10) § 4-1 inneheld føresegner om kva slags tiltak som ikkje krev søknad, dvs. tiltak tiltakshavar kan oppføre sjølv. Dette vil eksempelvis kunne vere oppføring av garasje inntil 50 m2 eller mindre tiltak som mindre fyllingar og planeringar. Unntak frå saksbehandling føreset at tiltaket er i samsvar med plan- og bygningslovgjevinga, også medrekna samsvar med pbl. § 28-1 og TEK10.

Dei materielle krava til blant anna tryggleik er dei same for desse tiltaka som for dei søknadspliktige tiltaka. Det er tiltakshavar åleine som har ansvaret for at krava til tryggleik er oppfylte. Også mindre tiltak kan medføre store konsekvensar. Eksempelvis har store kvikkleireskred vorte løyste ut av mindre utgraving og flytting av masse.

Det er eit vilkår for unntak frå søknadsplikt at tiltaket er i samsvar med føresegner gjevne i eller i medhald av plan- og bygningslova, eksempelvis plan og TEK10, og at krav til tryggleik er tilstrekkeleg utgreidd. Dersom eit tiltak eksempelvis skal gjerast i eit område med kvikkleire, og den reelle faren for kvikkleireskred ikkje er tilstrekkeleg utgreidd, vil krav til tryggleik stilte i TEK10, i utgangspunktet ikkje vere oppfylte. Tiltak i kvikkleireområde er derfor normalt ikkje unnatekne søknadsplikt.

Det skal liggje føre dokumentasjon frå fagkunnig når det skal byggjast i område med potensiell naturfare. Dette vil vere aktuelt blant anna i område som er merkte av som omsynssoner i plan, område merkte av på aktsemdskart, område der det er kjent fare eller område som har ein topografi som tilseier risiko.

Dokumentasjonsplikta og plikta til å kartleggje og utgreie tryggleik mot naturpåkjenningar ligg på utbyggjarsida. Kommunen skal i utgangspunktet ikkje utføre undersøkingar i samband med tiltaket.

Der kartlegginga og utgreiinga av tryggleiksnivået viser at byggjetomta i seg sjølv oppfyller dei krava som blir stilte til tryggleik, vil vilkår for unntak vere til stades, og tiltaket kan oppførast utan søknad og saksbehandling. Det vil vere naturleg å sende denne dokumentasjonen over til kommunen som dokumentasjon for at vilkår for unntak er oppfylte.

Dokumentasjonen skal vere utarbeidd av fagkunnig og kunne visast fram dersom kommunen etterspør han.