Utbygging i fareområde

Temarettleiinga er revidert. Den nyaste utgåva finn du her.

4. Flaum

4.2. Tryggleik mot flaum

Krava til tryggleik mot flaum er gjevne i byggteknisk forskrift TEK10 § 7-2. Føresegnene gjeld tryggleik mot sakteveksande flaumar som normalt ikkje medfører fare for menneskeliv. For typar av flaumar som kan medføre fare for tap av menneskeliv, gjeld krava for skred som er skildra i TEK10 § 7-3.

Føresegna i § 7-2 gjeld også for stormflod. Stormflod omtalt i kapittel 5.

Nokre byggverk skal ikkje plasserast i flaumutsette område

Det følgjer av TEK10 § 7-2 fyrste ledd at byggverk der konsekvensane av ein flaum vil vere særleg store og gje uakseptable konsekvensar for samfunnet, ikkje skal plasserast i flaumutsett område.

Kravet kan berre tilfredsstillast ved å plassere byggverket flaumsikkert, det vil seie at det ikkje er ei løyving å sikre eller tilpasse tiltaket slik at det toler overfløyming. Bakgrunnen er at dei spesielle tiltaka som denne føresegna gjeld for, må fungere også under flaum, eller at flaumskadar kan gje livsfarleg ureining.

Kravet gjeld byggverk som er nasjonalt eller regionalt viktige for beredskap og krisehandtering, slik som regionsjukehus, regionale/nasjonale beredskapsinstitusjonar o.l. Kravet gjeld vidare byggverk for verksemder som er omfatta av storulukkeforskrifta. Dette er verksemder med anlegg der det blir framstilt, brukt, handtert eller lagra farlege stoff.

Byggverk i flaumutsett område er oppdelt i tre tryggleiksklassar

Ved plassering av byggverk i flaumutsette område er det definert tre tryggleiksklassar med ulike flaumstorleikar (oppgjevne med gjentaksintervall), F1, F2 og F3. Kva for ein tryggleiksklasse ulike typar byggverk tilhøyrer, er avhengig av konsekvensane ved overfløyming. Konsekvensane er igjen avhengige av kva funksjonar byggverka har og/eller kostnadene ved skadar.

Tryggleikskrava i TEK10 § 7-2 andre ledd kan ein oppnå anten

  • ved å plassere byggverket utanfor flaumutsett område,

  • ved å sikre det mot overfløyming eller

  • ved å dimensjonere og konstruere byggverket slik at det det toler belastningane og ein unngår skadar .

Der det er praktisk mogleg, bør ein velje det fyrste alternativet, dvs. plassere byggverket utanfor området som blir fløymt over ved flaum med det aktuelle gjentaksintervallet.

Bilde 4.2. Kvam i Gudbrandsdalen 2013. Store nedbørsmengder førte til flaum og store øydeleggingar.
Bilde 4.2. Kvam i Gudbrandsdalen 2013. Store nedbørsmengder førte til flaum og store øydeleggingar. Foto: NTB Scanpix
Foto: NTB Scanpix

Korleis definerer ein flaumfaren?

Tryggleik mot flaum blir regulert ved tryggleiksklassar med utgangspunkt i største nominelle årlege sannsyn. Flaumstorleikar blir gjerne oppgjevne med eit tal på års gjentaksintervall. Gjentaksintervallet seier kor ofte ein flaum eller ei stormflod av same storleik opptrer i gjennomsnitt over ei lang årrekkje. Ein flaum med gjentaksintervall på 200 år, også kalla 200-årsflaum, opptrer i gjennomsnitt kvart 200. år. Kvart år er sannsynet for 200-årsflaum lik 1/200, det vil seie 0,5 %. Dette utelukkar ikkje at ein kan få to 200-årsflaumar med kort tids mellomrom. Berekning av gjentaksintervall for flaum er basert på historiske observasjonar og måling av vassføring og/eller vasstand.

Oversikt over tryggleiksklassane og retningsgjevande døme

Tabellen nedanfor viser døme på byggverk som er knytte til TEK10 § 7-2 første og andre ledd.

For tilbygg og bruksendring følgjer det av § 7-2 femte ledd at nokon mindre tiltak på eksisterande byggverk er omfatta av tryggleiksklasse F1, sjølv om bygningen som skal bli utvida eller bruksendra er omfatta av tryggleiksklasse F2 eller F3 for flaum. For at tiltaket skal kunne plasserast i F1 skal tiltaket blant anna ikkje føre til redusert persontryggleik og heller ikkje etablering av ny brukseining. Slike tilbygg og bruksendringar går ikkje fram av tabellen nedanfor.

Tryggleiksklasse F1

gjeld tiltak der overfløyming har liten konsekvens. Dette omfattar byggverk med lite personopphald og små økonomiske eller andre samfunnsmessige konsekvensar.

Tryggleiksklasse F2

gjeld tiltak der overfløyming har middels konsekvens. Dette omfattar dei fleste byggverk berekna for personopphald. Dei økonomiske konsekvensane ved skadar på byggverket kan vere store, men kritiske samfunnsfunksjonar blir ikkje sette ut av spel.

I delar av flaumutsette område kan det vere større fare enn elles. I flaumutsette område der det under flaum vil vere stor djupn eller sterk straum, bør det vere same tryggleiksnivå som tryggleiksklasse F3. Dette gjeld område der djupna er større enn 2 m og der produktet av djupn og vassfart (i m/s) er større enn 2 m 2/s.

Tryggleiksklasse F3

gjeld tiltak der overfløyming har stor konsekvens. Dette omfattar byggverk for sårbare samfunnsfunksjonar og byggverk der overfløyming kan ureine omgjevnadene mykje.

Føresegna i § 7-2 fyrste ledd omfattar tiltak der konsekvensen av ein flaum er særleg stor. Slike tiltak skal ikkje plasserast i flaumutsett område.

Tabell 4.2. Eksempler på byggverk som er knyttet til TEK10 § 7-2 første og annet ledd

Tryggleiksklasse for flaumKonsekvensStørste nominelle årlege sannsynRetningsgjevande døme

F1

liten

1/20

garasje

lagerbygning med lite personopphald

F2

middels

1/200

bustad

fritidsbustad

campinghytte

garasjeanlegg

brakkerigg

skule

barnehage

kontorbygning

industribygg

driftsbygning I landbruket som ikkje inngår i F1

F3

stor

1/1000

byggverk for særleg sårbare grupper av befolkninga, til dømes sjukeheim og liknande

byggverk som skal fungere i lokale beredskapssituasjonar, til dømes sjukehus, brannstasjon, politistasjon, sivilforsvarsanlegg og infrastruktur som er viktig for samfunnet. For byggverk som er regionalt eller nasjonalt viktige i beredskapssituasjonar, gjeld § 7-2 fyrste ledd.

avfallsdeponi der overfløyming kan gje ureiningsfare. For deponi som er omfatta av storulukkeforskrifta, gjeld § 7-2 fyrste ledd.

§ 7-2 fyrste ledd

særlig stor

byggverk som er viktige nasjonalt eller regionalt for beredskap og krisehandtering, slik som regionsjukehus, regionale/nasjonale beredskapsinstitusjonar o.l.

byggverk for verksemder som er omfatta av storulukkeforskrifta (verksemder med anlegg der det blir framstilt, brukt, handtert eller lagra farlege stoff).

Byggverk skal plasserast eller sikrast slik at det ikkje oppstår skade ved erosjon

Byggverk må leggjast i sikker avstand frå erosjonsutsett skråning, eventuelt må skråninga sikrast mot erosjon. Meir informasjon om erosjon er gjeven i rettleiinga til TEK10.