Utbygging i fareområde

Temarettleiinga er revidert. Den nyaste utgåva finn du her.

11. Roller og ansvar

11.5. Skal kartlegging og utgreiing leggjast ansvar på, og i så fall når?

Ved søknad om byggjeløyve skal det gjerast greie for om krava til tryggleik er oppfylte. Det blir kravd faglege kvalifikasjonar for å gjere ei slik utgreiing. Tiltakshavar eller ansvarleg søkjar har normalt ikkje slik kompetanse. Kompetansen må derfor hentast inn og dokumentasjon må leggjast ved, for at søknaden skal bli fullstendig. Ansvarleg søkjar har ansvar for å sjå til at dette blir gjort.

Der kartlegginga og utgreiinga av tryggleiksnivået viser at byggjetomta i seg sjølv oppfyller dei krava som blir stilte til tryggleik, er det tilstrekkeleg at dokumentasjonen følgjer byggjesøknaden. Føretaket som har utgreidd tryggleiksnivået for byggjetomta, treng ikkje ansvarsrett. Ansvarleg søkjar stadfester i søknaden at tiltaket ikkje er plassert i fareområde, og legg ved dokumentasjonen som vedlegg.

I dei tilfella der det er behov for kompenserande tiltak for å oppfylle krava til tryggleik, vil kartlegginga av tryggleiksnivået for byggjetomta inngå som eit nødvendig grunnlag for prosjekteringa. Kartlegginga vil vere ein nødvendig føresetnad for å prosjektere kompenserande tiltak slik at byggverket skal kunne oppfylle krava til tryggleik. Forholda på byggjetomta og kompenserande tiltak vil samla bidra til at krava til tryggleik blir oppfylte. Prosjekteringa må byggje på dei vurderingane og konklusjonane som kjem fram av kartlegginga. Kartlegginga vil derfor vere eit nødvendig grunnlag for og del av prosjekteringa. I desse tilfella skal kartlegginga og prosjekteringa underleggjast ansvarsrett. Ansvarsrett må vere på plass ved søknad om rammeløyve, fordi vurderingane av tryggleik er nødvendig for at tryggleik kan stadfestast i søknaden og for at byggjeløyve skal kunne gjevast.