Utbygging i fareområde

Temarettleiinga er revidert. Den nyaste utgåva finn du her.

8. Tiltak på eksisterande byggverk

8.1. Krava til tryggleik er dei same som for nybygg

Krava til tryggleik mot naturpåkjenningar ved utviding og ved endring av eksisterande bygningar er dei same som for nybygg.

Det vil seie at arbeid på eit eksisterande bygg ikkje kan gjennomførast der flaum og skred kan skje oftare enn det dagens lov og forskrift aksepterer for nybygg. Ny kunnskap og nye kartleggingar har medført at vi i dag har større kunnskap om fareområde. Vidare er krava til tryggleik mot naturpåkjenningar relativt nye i forhold til mykje av den eksisterande bygningsmassen. Mange eldre bygg er derfor lovleg plasserte i område der vi i dag ikkje ville ha tillate å setje dei opp.

I praksis kan dette innebere at bygg som alt ligg i eit fareområde, ikkje kan bli utvida eller ombygd fordi krava i dag til tryggleik mot flaum og skred ikkje er oppfylte. Dersom det skal utførast arbeid som ikkje er i tråd med krava i dag, vil det krevje dispensasjon etter plan- og bygningslova kapittel 19, eige løyve til å fråvike forskrifta etter pbl. § 31-2 om tiltak på eksisterande byggverk.

Også ved oppattbygging etter brann eller annan skade gjeld same krav til tryggleik som for nybygg.

Alminneleg vedlikehald kan ein likevel gjere uavhengig av krav til tryggleik mot naturpåkjenningar. Alminneleg vedlikehald er ikkje omfatta av plan- og bygningslova.

Eit viktig føremål med regelverket er å forhindre farlege situasjonar i samanheng med byggjetiltak i fareområde. Omsynet til persontryggleiken er eit overordna prinsipp i regelverket. Balansegangen mellom omsynet til persontryggleiken og utsiktene lokalsamfunnet har til naturleg samfunnsutvikling, kan vere svært vanskeleg. Når eit område er kartlagt som eit fareområde, vil det oppstå situasjonar der regelverket gjer det vanskeleg, og i yttarste fall uråd, å tillate enkelte byggjetiltak fordi det ikkje ligg føre tilfredstillande tryggleik for menneskeliv. Dette kan lett oppfattast som urimeleg for dei som alt bur i området.