Utbygging i fareområde

Temarettleiinga er revidert. Den nyaste utgåva finn du her.

3. Klimaendringar

3.2. Korleis blir klimaet fram mot 2100?

Framtidige klimaendringar vil sannsynlegvis skuldast ein kombinasjon av naturlege klimavariasjonar og menneskeleg påverknad. Ved å studere klimaet i fortida og notida er det funne vitskapeleg belegg for at det er svært sannsynleg at menneskelege aktivitetar har påverka og vil halde fram å påverke klimaet på jorda.

Manglande kjennskap til framtidige utslepp av klimagassar og -partiklar, kombinert med manglar og forenklingar i klimamodellane, gjer klimaframskrivingar usikre. Uvissa er størst på lokal skala. Modellering av den menneskeskapte påverknaden av klimasystemet gjev likevel sterke indikasjonar på kva slags endringar vi kan risikere å få i Noreg i dette hundreåret.

Klimaframskrivingar er eit viktig grunnlag for samfunntilpassingar til klimaendringane.

Klimaframskrivingane, gjevne att i rapport Klima i Norge 2100 - kunnskapsgrunnlag for klimatilpasning oppdatert i 2015 , viser at vi får eit varmare og våtare klima der ekstreme nedbørshendingar skjer oftare. Uvissa rundt kor store klimaendringane blir, avheng av fleire faktorar, som kor følsamt klimasystemet er, naturleg klimavariasjon og kor store dei menneskeskapte utsleppa blir.

Temperaturen vil stige

Klimaframskrivingane viser at det blir varmare i alle landsdelar og i alle årstider. For utsleppsscenario RPC8.5 er det berekna at årsmiddeltemperaturen i Noreg vil auke med ca. 4,5 °C (medianverdi) på 100 år. Berekninga viser størst auke i vinterhalvåret.

Det blir meir nedbør

Framskrivingar viser at det vil bli meir nedbør i heile landet. For utsleppsscenarioet RCP8.5 viser medianframskrivinga ein auke i årsnedbør for Noreg på 18 % mot slutten av hundreåret, ei dobling av dagar med kraftig nedbør og ein auke i nedbørsmengda på dagar med kraftig nedbør på 19 %.

Det går også fram av rapporten at snøsesongen er forventa å bli kortare i heile landet. Reduksjonen i tal dagar med snø blir størst i låglandet. Medianverdien for utsleppsscenarioet RCP8.5 gjev reduksjon i snøsesongen på fleire månader mot slutten av hundreåret. I enkelte delar av høgfjellet er det berekna ein auke i maksimal snømengd fordi mykje av den forventa nedbørsauken her vil kome som snø.

Blir det meir vind?

Det er berre berekna svært små endringar både i middelvind og i store vindfartar.

Vil havnivået stige?

Smelting av isbrear og auka temperatur i havet som fører til termisk ekspansjon, er hovudårsakene til at havet stig. Trass i at havnivået har stige, har mesteparten av den norske kysten opplevd ei netto senking av havnivået etter siste istid. Det kjem av at det i Noreg og resten av Skandinavia har vore ei kraftig landheving som følgje av at den fennoskandinaviske innlandsisen smelta bort og vekta av den forsvann for ca. 11 500 år sidan.

Framskrivinga for havnivået indikerer at det meste av Noreg vil oppleve havstiging før slutten av dette hundreåret. Middelframskrivinga for scenario RPC8.5 er mellom 15 og 55 cm, avhengig av lokalitet.

Rapporten Sea Level Change for Norway: Past and Present Observations and Projections to 2100 (2015) gjev ein samla og oppdatert presentasjon av havnivåendringar ut frå tilgjengelege data.

Meir informasjon

Norsk klimaservicesenter skal utarbeide klimaprofilar for fylka i landet. Klimaprofil for Troms fylke er alt utarbeidd som ein pilot. For nærare informasjon og oppdatert kunnskap frå nasjonal og internasjonal klimaforsking viser vi til Norsk klimaservicesenter , Miljødirektoratet og FNs klimapanels nettsider.

Miljødirektoratet har fleire nyttige nettsider knytte til klima og miljø: