Utbygging i fareområde

Temarettleiinga er revidert. Den nyaste utgåva finn du her.

11. Roller og ansvar

11.1. Kven har hovudansvaret for å kartleggje og utgreie tryggleik mot naturpåkjenningar?

Kommunen har både som planmyndigheit og bygningsmyndigheit eit ansvar for å bidra til at det berre blir bygt i område som er tilstrekkeleg sikre mot naturfarar. Dette skal varetakast både i kommuneplan, i reguleringsplan og i den enkelte byggjesaka.

Hovudansvaret for å utgreie om det ligg føre tilstrekkeleg tryggleik for utbygging, ligg likevel til den som fremjar arealplan eller byggjesøknad. Normalt ligg derfor ansvaret for å utgreie tryggleik mot fare som følgje av naturforhold, til den som fremjar plan for utbygging eller søknad om tiltak.

Figur 11.1. Huvedansvaret for å utgreie tryggleik i dei ulike fasane i plan- og byggjesaksprosessane.
Figur 11.1. Huvedansvaret for å utgreie tryggleik i dei ulike fasane i plan- og byggjesaksprosessane

Det blir utført eit stort kartleggingsarbeid i statleg regi av både skred- og flaumutsette område. Sentral aktør i dette arbeidet er NVE, som har det overordna ansvaret for statlege forvaltningsoppgåver innanfor førebygging av flaumskadar og skredulukker.

Tryggleikskrava i byggteknisk forskrift (TEK10) gjeld det enkelte nybygget, men er også førande for kva eit område kan regulerast til. Kommunen skal som planmyndigheit sjå til at forslagsstillar har gjennomført risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS- analyse) for planområdet, eller sjølv utføre slik analyse.

Byggjesaksbehandlinga tek utgangspunkt i byggjeinitiativet frå tiltakshavar, og det er utbyggjar som må utgreie og stadfeste at det ligg føre tilstrekkeleg tryggleik mot natur- og miljøforhold i søknaden. Utbyggjarsida må opplyse saka tilstrekkeleg og dokumentere at tiltaket det blir søkt om, er innanfor regelverket.

Tiltakshavar har i utgangspunktet fullt ansvar for oppfylling av alle relevante krav for prosjektet sitt. Det kan takast utgangspunkt i søknadstype når roller og ansvar skal skildrast.

For tiltak etter plan- og bygningslova (pbl.) § 20-3, jf. § 20-1 er det krav om bruk av ansvarlege føretak. I dei fleste byggjesaker er det derfor krav om bruk av ansvarlege føretak som oppfyller forskriftsfeste kvalifikasjonskrav. Tiltakshavar er då forplikta til å vidareføre ansvaret sitt til profesjonelle føretak som tek på seg ansvarsrett direkte overfor bygningsmyndigheiten. Føretak med ansvarsrett vil då normalt ha ansvar for tryggleik mot naturpåkjenningar.

For søknadspliktige tiltak etter pbl. § 20-4 og tiltak unnateke søknadsplikt jf. pbl. § 20-5 har tiltakshavar åleine ansvaret for tryggleik mot naturpåkjenningar mv.