Utbygging i fareområde

Temarettleiinga er revidert. Den nyaste utgåva finn du her.

4. Flaum

4.3. Flaumkartlegging

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har utarbeidd flaumsonekart for dei mest skadeutsette strekningane i Noreg. Karta viser kva område som blir overfløymde ved ulike gjentaksintervall. Det er også oppgjeve vasstand for ulike tverrprofilar, og ein tryggleiksmargin som skal leggjast til ved planlegging av nye byggverk. Flaumsonekarta er baserte på historiske observasjonar og måling av vassføring og/eller vasstand. For vassdrag med utløp i sjø er stormflod lagd inn i analysen. Karta er produserte på digital form slik at brukarane kan nytte dataa i eigne verktøy. Karta er tilgjengelege som WMS-teneste og for nedlasting, sjå detaljar i NVEs kartkatalog.

Flaumsonekarta gjev verdifull informasjon for å dokumentere at tryggleikskrava for flaum er oppfylte. I tillegg kan karta brukast som grunnlag for sikringstiltak, flaumvarsling og beredskapsplanlegging.

Ved mistanke om flaumfare der det ikkje er utarbeidd flaumsonekart, må det hentast inn nødvendig kompetanse til å utgreie flaumfaren. I kapittel 11 Roller og ansvar i denne rettleiinga blir det gjort greie for kven som har hovudansvaret for å kartleggje og utgreie at det ligg føre tilstrekkeleg tryggleik mot naturpåkjenningar i dei ulike fasane i plan- og byggjesaksprosessane.