Utbygging i fareområde

Temarettleiinga er revidert. Den nyaste utgåva finn du her.

5. Stormflod

5.1. Kva er stormflod?

Den vasstanden vi observerer, består av astronomisk tidevatn og bidrag frå vêret til vasstanden.

Astronomisk tidevatn er dei vasstandsendringane som kjem av tiltrekkingskreftene mellom jord, måne og sol. Dei er størst ved ny- og fullmåne, då ligg sola, månen og jorda på ei rett linje og dreg i same retning. Resultatet er ekstra høge høgvatn og låge lågvatn. Frå Vestlandet og nordover har vi dei største tidevassforskjellane eit par dagar etter ny- eller fullmåne, medan på Sørlandet og i Oslofjorden har vi dei største tidevassforskjellane to-tre dagar før ny- eller fullmåne. Periodane med ekstra store tidevassforskjellar kallar vi springperiodar.

Endringar i lufttrykk og i vind kan ha stor innverknad på vasstanden langs kysten. Lågt lufttrykk fører til høg vasstand, og kraftig pålandsvind vil presse vatn inn mot land slik at vi får høgare vasstand ved kysten. For norskekysten gjeld dette for det meste vind frå sør og vest.

Stormflod er eit omgrep som blir brukt når bidrag frå vêret til vasstanden er stort - slik at den totale vasstanden på éin stad blir ekstra høg. Frå Vestlandet og nordover må stort bidrag frå vêret falle saman med ein springperiode for at vi kallar det ei stormflod.