Den som skal lese nabovarselet, må ha rettar til å representere kommunen i Altinn. Rettane til å sjå og svare nabovarselet kan delegerast vidare til andre i kommunen.
For å delegere roller, vel du rolla «Plan- og byggjesak» i Altinn. Denne rolla er laga slik at saksbehandlar berre får tilgang til fagrelevant innhald, og ikkje andre område i kommunen.
For kvart nabovarsel får kommunen to element i Altinn-innboksen:
"Melding: Nabovarsel for ..." inneheld nabovarselet i pdf-format med vedlegg. Desse dokumenta kan lastast ned og arkiverast.
"Til utfylling: Svar på nabovarsel" er svarskjemaet. Saksbehandlar kan velje å bruke denne om de vil svare på nabovarselet. Etter at svaret er sendt frå kommunen, kan saksbehandlar laste ned ein pdf-versjon av svaret og arkivere dette.
Nabovarslingstenestene slår opp i matrikkelen for å finne ut kven som eig dei eigedomane som skal varslast. Når kommunen er nabo i ei byggjesak, blir varsla sende til det organisasjonsnummeret kommunen har registrert eigedomen på i matrikkelen.
Om organisasjonsnummeret registrert på eigedomen er feil, må kommunen oppdatere organisasjonsnummeret i matrikkelen.
Om kommunen ønskjer å få nabovarselet sendt til ei undereining, kan de leggje inn eit eige organisasjonsnummer som "eigars kontaktinstans" for eigedomane i matrikkelen.
Det er ikkje mogleg å få nabovarsla via SvarInn i dag. Årsaka er at nabovarslingstenestene ikkje skil mellom kommunar og andre organisasjonar.
Dokumenta i saka må lastast ned frå Altinn til kommunen sitt interne sak- og arkivsystem. Nokre sak-/arkivleverandørar har integrasjon mot Altinn, slik at overføring frå Altinn til arkivsystem kan skje meir saumlaust. Vi rår til at kommunen høyrer med sin sak-/arkivleverandør om dei kan tilby dette.
Om digital nabovarsling
Målet med digital nabovarsling er å tilby gode digitale sjølvbeteningsløysingar til innbyggjarar og næringsliv, og dermed forenkle arbeidet med å søkje om byggjeløyve.
Nabovarsling i Altinn oppfyller krav til sporing, og er i samsvar med regelverket - på linje med rekommandert postsending, personleg overlevering og e-post eller SMS mot kvittering.
Innbyggjarar som er reserverte mot digital kommunikasjon, får nabovarselet i posten.