Slik er vi organisert

Direktoratet for byggkvalitet er bygd opp med fem fagavdelingar, ei administrasjonsavdeling og ein stab.

Sist endret 01.01.2012
Organisasjonskart_DiBK_oktober_2022.png
Organisasjonskart for Direktoratet for byggkvalitet.

Leiing og organisering

Direktoratet blir leia av direktør Per-Arne Horne. Assisterande direktør er Hanne Kofstadmoen.

Avdelinga for sentral godkjenning administrerer den frivillige godkjenningsordninga og behandlar søknader og klagesaker. Avdelinga fører også tilsyn med sentralt godkjende føretak for å sørgje for at dei oppfyller fastsette vilkår som kvalifiserer for medlemskap. Avdelinga skal bidra til å vedlikehalde og oppdatere ordninga, utvikle eit tydeleg og lett forståeleg regelverk og arbeide for utvikling av nye element. Frå januar 2016 har avdelinga eit heilskapleg ansvar for alle sider av ordninga, inkludert utvikling og stønad til nødvendig regelverksutvikling til KMD. Avdelinga blir leia av avdelingsdirektør Steinar Andersen og har kontor på Gjøvik.

Dei andre avdelingane held til i Oslo.

Avdelinga for verkemiddel og utvikling har ansvar for regelverksutvikling. I dette arbeidet inngår også vurdering av andre verkemiddel, slik som økonomiske (lån og tilskot) og pedagogiske (informasjon og kompetanse). Viktige føringar for arbeidet i avdelinga er at byggemassen i framtida skal kunne møte behova i framtida, slik som klimaendringar og ei befolkning som lever lenger. Avdelinga har ansvar for utgreiingar, evalueringar og analysar av effektar av regelverk. Avdelinga har spesielt ansvar for byggteknisk forskrift og tilhøyrande rettleiing, og at forskrifta er brukarvennleg, legg til rette for innovasjon og kan brukast i digitale løysingar. Avdelinga deltek i internasjonalt standardiseringsarbeid innanfor digitalisering og bruk av BIM (bygningsinformasjonsmodellar). Christine Molland Karlsen er avdelingsdirektør.

Avdelinga for byggereglar og brukarorientering er ansvarleg for fortolking av gjeldande regelverk. Avdelinga forvaltar og utviklar rettleiinga til SAK og TEK og gjer regelverksstøtte til kommunar, byggenæring og publikum. Sentrale arbeidsområde for avdelinga er formidling, brukerorientering og utvikling av digital regelverksformidling . Avdelinga er også sekretariat for statens pris for byggkvalitet og arbeider også med å fremje god byggeskikk. Avdelinga blir leia av avdelingsdirektør Therese Brøndum.

Avdelinga for produkttilsyn og EØS-regelverk fører marknadstilsyn med produkt til byggverk. Avdelinga utviklar regelverket som regulerer produktdokumentasjon, og bidreg i utviklinga av felleseuropeisk reglement. Avdelinga har ansvar for å peike ut og følgje opp tredjepartsorgan som blir brukte ved utarbeiding av produktdokumentasjon. I tillegg har avdelinga ansvar for reglane om løfteinnretningar i byggverk. Reglane om sikkerheitskontroll av løfteinnretningar ligg også til avdelinga. Avdelinga støttar og rettleier kommunane i tilsynet deira i byggesaker. Avdelinga blir leia av fungerande avdelingsdirektør Mailen Vangsnes.

Avdelinga for digitale tenester og produkter har overordna ansvar for arbeidet med digitalisering i Direktoratet for byggkvalitet. Hovedsatsinga vår er Fellestenester Bygg, som er ei digital teneste for automatisk kontroll av ein byggesøknad før den blir send til kommunen. Det overordna målet med Fellestenester BYGG er å leggje til rette for mest mogleg sjølvbetening og automatisering av byggesaksprosessen.

Avdelinga har også ansvar digitalisering av forskriftene vi forvaltar. I tillegg samarbeider vi med planavdelingen i KMD med pilotering for digitalisering av plansaksområdet. Avdelinga blir leia av avdelingsdirektør Kari Befring Bjørnstad.

Avdelinga for administrasjon og verksemdsutvikling har ansvar for administrasjon, økonomi og IKT-forvalting i direktoratet, rekneskap, lønn, arkiv og personaladministrasjon. Koordinering og støtte til styring og kontroll, arbeidsplanlegging, leiingsfunksjonar og styringsdialog med departementet er også delar av verkeområdet til avdelinga. Avdelinga blir leia av avdelingsdirektør Rune Melleby.

Kommunikasjonsstaben har redaktøransvaret for nettsidene og nyheitsbreva til direktoratet. Staben driv kommunikasjonsfagleg rådgiving overfor fagavdelingane og planlegg og gjennomfører kommunikasjonstiltak i samarbeid med avdelingane. Kommunikasjonsstaben blir leia av kommunikasjonssjef Karen Thommesen.